Hopp til hovudinnhald
Ledsagerbevis logo

Få følgjekortet på telefonen

Med følgjekortet kan du ha med deg følgje på arrangement. No tilbyr fleire kommunar digitalt følgjekort via ein app, slik at du alltid har det tilgjengeleg på telefonen. Du kan òg sjå følgjekortet på nett.

Før du kan ta i bruk digitalt følgjekort, må kommunen registrere deg. Ta kontakt med kommunen din for å få tilgang.

Last ned appen frå App Store til iPhone-mobilLast ned appen frå Google Play til Android-mobil

Sjå følgjekortet på nett

Kven kan få følgjekort?

Du kan ha rett til følgjekort viss du har ei funksjonsnedsetjing som er venta å vare i minst to år.

Slik søkjer du om følgjekort

Du søkjer om følgjekort i kommunen der du bur. Du finn meir informasjon og søknadsskjema på heimesida til kommunen.

Les meir om nasjonale retningslinjer for følgjekort hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Her kan du bruke følgjekortet

Følgjekortet gjeld ved dei stadene som har innført følgjeordninga. Arrangørar som godtar følgjekort, vil ofte informere om dette på nettsidene sine og ved inngangen til arrangement. Kulturarrangørar som får statlege tilskot, er som hovudregel forplikta til å tilby følgjekort.

Døme på stader du kan bruke følgjekortet

  • kommunale konsertar, kino, utstillingar og andre kulturtilbod
  • aktivitetstilbod og idrettsarrangement
  • kollektivtransport

Følgjekortet gjeld i heile landet, men tilbodet varierer frå kommune til kommune og arrangør til arrangør. Derfor må du sjølv sjekke om ordninga gjeld på arrangementet, aktiviteten eller transportmiddelet du ønskjer å bruke.

Følgjekortordninga gjeld berre i Noreg.

Tilbyr kommunen din digitalt følgjekort?

I 2024 byrjar fleire kommunar å tilby digitalt følgjekort. Bur du i ein av desse kommunane, kan du få følgjekortet på telefonen din, anten ved å laste ned appen eller ved å logge inn på nett.

Ta kontakt med kommunen din for å sjekke om du kan få digitalt følgjekort. Når kommunen har gitt deg tilgang, kan du bruke følgjekort-appen «Ledsagerbevis».

Sjå kva kommunar som tilbyr digitalt følgjekort

Kommunane vil halde fram med å tilby fysisk følgjekort, altså eit papir- eller plastkort som du kan få i posten.

Vi jobbar med å utvikle tenesta

Digitalt følgjekort er ei teneste under utvikling. Frå 2024 kan du vise fram følgjekortet på telefonen din. Etter kvart vil du få tilgang til fleire funksjonar.

Last ned appen

Før du kan ta i bruk digitalt følgjekort, må kommunen registrere deg. Ta kontakt med kommunen din for å få tilgang.

Last ned appen frå App Store eller Google Play.

Last ned appen frå App Store til iPhone-mobilLast ned appen frå Google Play til Android-mobil

Sjå følgjekortet på nett

Ofte stilte spørsmål